Vettisfossen Matta1379 april 26, 2022
Vettisfossen
Turbeskriving

Vettifossen er det høgste verna fossefallet i Nord-Europa med eit fritt fall på 275 meter. Vettifossen er kåra til Noregs vakraste foss – ikkje utan grunn! Den vanlegaste måten å oppleva fossen på er ved å gå Folkevegen til Vetti, og deretter vidare på sti til fossen. Dette tek vanlegvis 3-4 timar. Vegen opp er rik på naturopplevingar. Fossen er og kjent frå litteraturen.

I boka «Under storen» skriv Jan Schwarzott: 
”For ved å syna seg eineståande velskapt, veit Vettisfossen råd for eit oppbod av høve til opplevingar som ikkje finst annan stad i verda. Trass i enorme dimensjonar let dronninga seg sjå frå alle tenkjelege kantar, stadig med uhindra utsikt til heile det beine fallet».

Meir informasjon finner du på www.visitardal.no

Om turen
  • Start- og sluttpunkt: Hjelle
  • Parkering: ved Hjellefossen
  • KM: T/R 13,5 KM (nedsiden)
  • Infotavle ved parkeringsplassen
  • Høgdeskilnad: 75–360 moh.
  • Tidsbruk: t/r 4 timar