«Store Jens», Jens Klingenberg Prestegård, ein dugande skysskaffar og fjellførar, opna i 1861 Klingenberg skysstasjon. Gjestane var for det meste fjellklatrarar og fjellvandrarar som ville utforske Utladalen og Joutnheimen. I dag er dette Klingenberg Hotel. Hotellet er stolte av røttene sine, og viderefører kjærleiken til naturen i interiøret. Med fjord og fjell rett utafor vindauget, lever huset med naturen sine variasjonar. Bygget følger linjene i naturen, og fasaden vestover er ei langstrakt bølgje som ynskjer Sognefjorden velkommen på land.

«Store Jens», Jens Klingenberg Prestegård, ein dugande skysskaffar og fjellførar, opna i 1861 Klingenberg skysstasjon. Gjestane var for det meste fjellklatrarar og fjellvandrarar som ville utforske Utladalen og Joutnheimen. I dag er dette Klingenberg Hotel.

I Store Jens Restaurant og Mohns Bar finn du mat & drikke tilberedt av råvarer med eit lokalt tilsnitt. Me får bær som er dyrka lokalt og serverer vilt som har sprunge i fjella rundt oss. Sjølv om maten har endra seg mykje, er lukta av nykokt kaffi den same som den var då hotellet starta i 1861, og velkommen tyder det same no som då.

I Store Jens Restaurant og Mohns Bar finn du mat & drikke tilberedt av råvarer med eit lokalt tilsnitt. Sjølv om maten har endra seg mykje, er lukta av nykokt kaffi den same som den var då hotellet starta i 1861, og velkommen tyder det same no som då.

Eit opphald hos oss kan vere så mykje; ein stad å trekke seg tilbake, lade opp og hente nye krefter. Det kan vere ein stad å jobbe, ein stad for samver eller ein stad for å søkke ned i ein god stol. Me er opptekne av at det er ditt opphald – dine val. Det viktigaste me vil gje deg er fridomen til å gjere det du vil. Fortel oss kva me kan gjere for at ditt opphald hjå oss blir best mogeleg for deg.

Eit opphald hos oss kan vere så mykje; ein stad å trekke seg tilbake, lade opp og hente nye krefter. Det kan vere ein stad å jobbe, ein stad for samver eller ein stad for å søkke ned i ein god stol. Me er opptekne av at det er ditt opphald – dine val.

Årdal er i overflod av fjell, fjord og natur. I slike omgjevnadar er det ikkje vanskeleg å finna ekstreme aktivitetar, som set både kropp og sinn på alvorlege prøvar. Men i det mektige og veldige i naturen rundt oss, er det og lommer med fred og ro, ei ro som kjennest enno sterkare nettopp på grunn av slike kontrastar i naturen.

Årdal er i overflod av fjell, fjord og natur. I slike omgjevnadar er det ikkje vanskeleg å finna ekstreme aktivitetar, som set både kropp og sinn på alvorlege prøvar. Men i det mektige og veldige i naturen rundt oss, er det og lommer med fred.