Vetti Gard Turiststasjon Matta1379 desember 19, 2024
VettiGard_logo_hvit-1536x422

Vetti Gard Turiststasjon har vore ein viktig stad for fjellfolk sidan fjellpionerane fann vegen innover Utladalen alt på 1800-talet. Edvard Grieg uttalte i si tid at han vart 10 år yngre for kvar gong han besøkte Vetti – og har ein først funne vegen dit èin gong, er sjansen stor for at ein vender attende. Garden har husa andre kjende folk også – som Nansen, Slingsby og Dronning Sonja.

I dag er Vetti Gard Turiststasjon ein sommaropen gard som ligg i hjarta av Jotunheimen. Garden har 13 rom og totalt 30 senger, samt 6 kabiner med totalt 12 senger på låven. Ein kan også telta på grunnen som høyrer til garden. Garden har enkel matservering i sommarsesongen.

Vetti Gard er ope i sommarsesongen 2026 frå fredag 19. juni til søndag 6. september.

Litt kort historie

Vetti er ein gard med lang historie. Namnet Vetti tyder visst noko slikt som «eventyreng» – og koplinga til eit eventyrlandskap er forståeleg når ein ser på kontrastane mellom slåttemarka, fosseduren og nærleiken til den ville naturen.

Frå gamalt av var heile Utladalen eit stykke utmark som høyrde til garden Vetti. Gamle kjelder seier at det var åkerbruk og korndyrking her i 1120. Som mange utkantgardar låg Vetti øyde etter Svartedauden. I 1601 var Vetti nemnd som øydegard. Frå 1603 er ein som heitte Eirik nemnd som brukar. Den noverande Vetti-slekta skal ha kome til garden i 1714.

Jørgen Anfinnson, fødd 1747, var truleg den første sjølveigaren i Vetti. Sidan har slekta vore bufast på garden fram til ut på 1980-talet. Fram til 1800-talet var det berre eitt bruk i Vetti. Seinare kom Lauvhaugen og Flaten til, først som husmannsplassar, seinare som eigne bruk. Vetti har hatt stølar mellom anna i Vettismorki og i Fleskedalen. Den siste vart tidlegare kalla Fleskenosdalen. Stølen i Fleskenosdalen var i bruk fram til 1953. I Vettismorki var det stølsdrift til 1968. På stølsvollen var det eit inngjerda område til slåttemark som vart hausta til slutten av 1950-åra.

Meir om Utladalen og Vetti gard si historie finn du i boka Utladalen og fjella omkring, skriven av Hans H. Thyri.

Våre fasiliteter
  • 13 rom i hovudhus og Mallastova
  • 6 kabiner på låven
  • 42 sengeplasser totalt
  • Toalett og dusj i separat byggning
  • Lavvo med 12 soveplassar
  • Kiosk open 12.00 - 17.00
  • Alle rettigheitar
Vetti_05_vettigard_1600x1000
Overnatting

I somarsesongen (19.06 – 06.09) kan du overnatta på Vetti gard. Her finst både enkeltrom, twinrom, firesengsrom og sovesal på låven med køyesenger. Me har 30 senger fordelte på hovudhuset, Malastova og stabburet.

bussen_vettigard_1600x1000
Tindevegsbussen

Ta bussen mellom Årdal og Turtagrø i sommar, og kom deg enkelt frå fjord til fjell eller omvendt. Perfekt transport for fjellfolk og vandrarar på tur i Jotunheimen og Utladalen. Book på nett.

Vetti Gard

Ta kontakt ved spørsmål eller booking



    Ofte .

    Klingenberg Resort er ei samling overnattingsstader og opplevingar ved Sognefjorden i Årdal. Her finn du Klingenberg Hotel, Sitla Hotel og Vetti Gard Turiststasjon, samt restaurantar og pubar med lokal mat og drikke.

    Resorten ligg i Årdal, innerst i Sognefjorden, omgitt av fjell og fjord. Det er kort veg til Utladalen og Jotunheimen nasjonalpark.

    • Klingenberg Hotel: komfortabelt hotell på Årdalstangen ved fjorden med restaurant, pub og konferansefasilitetar.
    • Sitla Hotel: budsjettvennleg alternativ i Øvre Årdal
    • Vetti Gard: historisk fjellgard i Utladalen, open om sommaren, for dei som ønskjer nærleik til natur og stillheit.

    Ja, Strondi Restaurant serverer middag kvar dag. Me har også pub med mat og alle rettigheitar. Samt uteservering i sommarsesongen.

    Opningstidene varierer etter sesong. Dei blir oppdaterte jamleg på nettsida og på Facebook-sida vår.

    Ja, enkelte rom på Klingenberg Hotel og Sitla Hotel er hundevennlege. Gje beskjed ved bestilling. (250kr ekstra)

    Ja, gratis parkering ved hotellet. Det finst også elbillading rett ved Klingenberg Hotel.

    Gjestar kan utforske fjellturar i Årdal, Utladalen og Jotunheimen, båtturar på fjorden, sykkelturar, sykling, parkleiker, shuffleboard, musikkarrangement, quizkveldar og lokale matopplevingar.

    Ja, me har fleire sesongpakkar – til dømes “Vandretur”, og “Gourmetopphald”.

    Ja, pakkar og overnatting kan reserverast online. Sjekk ut "Kampanjer". 

    Innsjekking mellom kl. 15.00 og 22.30
    Utsjekking mellom kl. 06.30 og 12.00

    Ja, Klingenberg Hotel har møte- og konferanserom med teknisk utstyr og servering etter avtale.

    Vetti Gard er vanlegvis open frå ca. juni til midten av september. Dato vert annonsert

    Du kan køyre via E16 frå Lærdal/Fodnes, Tindevegen eller Tyin, eller ta buss til Årdalstangen. Nærmaste flyplass er Sogndal Lufthavn

    Ja, me sel gåvekort som kan brukast på overnatting, mat og utvalde opplevingar.

    Ja, avbestillingsreglar kjem fram i ordrebekreftinga. Dei varierer noko mellom hotell og pakkar.

    Me snakkar norsk og engelsk, og tek gjerne imot internasjonale gjester.

    Klingenberg Hotel og Sitla Hotel er opne heile året. Vetti Gard er sesongbasert.

    Du finn oppdaterte tilbod, opningstider og arrangement på klingenbergresort.no og på våre sosiale medium.

    Scroll to Top