Sentralt plassert i Øvre Årdal
Sitla Hotel ligg sentralt plassert i Øvre Årdal. I koselege omgjevnader og til ein hyggeleg pris tilbyr me overnatting til deg som er på gjennomreise eller som vil bu sentralt nokre dagar for å oppleva Årdal. Til grupper serverer me frukost og middag. Hotellet er eit ypparleg utgangspunkt for turar i Jotunheimen eller i området rundt Sognefjorden.
















Sitla Hotel ligg sentralt i Øvre Årdal med kort avstand til naturperler som Utladalen Landskapsvernområde, Vettisfossen og Jotunheimen Nasjonalpark, og er dermed eit ypparleg utgangspunkt for turar i fjellet.
Litt kort historie:
Sitla hotel har hatt ulike rollar opp gjennom. I starten fungerte det som i dag er Sitla hotel som ein ungdomsheim. På dette tidspunktet fanst det inga kyrkje i Øvre Årdal, så kjellaren på Sitla fungerte som kyrkje i Øvre Årdal nokre år.
I 1970 vart Farnes kyrkje bygd, og det som ein gong hadde fungert som kyrkje på Sitla vart no gjort om til uteplassen «Slusken». Slusken er eit lokalt tilnamn på rallarane – dei som arbeidde med å laga den imponerande gamlevegen oppover fjellet mot Heirsnosi i Årdal. Denne vegen kan du gå også frå Sitla hotel i dag, og er ein fin tur for deg som vil opp på «Tusenmeteren» og sjå kor flott bygda, Årdalsvatnet og Bøttejuvet tek seg ut i fugleperspektiv.
Mat og servering i nærheten:
Sitla Hotel samarbeider med Klingenberg Hotel på Årdalstangen når det kjem til mat.
På Årdalstangen finn eit breitt mattilbod på Strondi restaurant, kafe og bar – med flott utsikt over Årdalsfjorden frå uteserveringa.
Ein kan også få matservering i somarsesongen på Vetti Gard Turiststasjon – dersom ein blir svolten i løpet av vandringa innover Folkevegen mot Vettisfossen. Vetti Gard Turiststasjon er betjent frå medio juni til medio september kvart år, og er ei oppleving ein verkeleg bør få med seg dersom ein er i Årdal.
Andre mattilbod i Årdal:
• Mama Mia i Øvre Årdal (5 min gange)
• Tya Bakeri (7 min gange)
• Heilmat (5 min gange)
• Jafs (2 min gange)
• YX (2 min gange)
Somarkafè ved Utladalen Nasjonalparksenter frå mai til oktober kvart år.
- 17 dobbeltrom med dusj og toalett
- 3 enkeltrom med dusj og toalett
- 4 minileiligheter med dusj og toalett i korridoren
- 24 rom totalt
- Mulighet for langtidsopphold
Våre rom
Våre pakketilbud
I Årdal har du fjella for deg sjølv, med vakre fotturar rett utanfor døra til hotellet.
Me inviterer til fem dagar med toppføringar, historiske foredrag og jubileumsmiddagar.
Rett utanfor hotelldøra finn du vakre fotturar i stille natur og toppturar for dei erfarne.
- Tyinosvegen 5, 6884 ØVRE ÅRDAL
- +47 57 66 58 80
- +47 57 62 88 89
- sitla@klingenberghotel.no
Ofte stilte spørsmål
Kva er Klingenberg Resort?
Klingenberg Resort er ei samling overnattingsstader og opplevingar ved Sognefjorden i Årdal. Her finn du Klingenberg Hotel, Klingenberg Fjord Residence, Sitla Hotel og Vetti Gard Turiststasjon, samt restaurantar og pubar med lokal mat og drikke.
Kvar ligg Klingenberg Resort?
Resorten ligg i Årdal, innerst i Sognefjorden, omgitt av fjell og fjord. Det er kort veg til Utladalen og Jotunheimen nasjonalpark.
Kva er forskjellen på Klingenberg Hotel, Klingenberg Fjord Residence, Sitla Hotel og Vetti Gard?
- Klingenberg Hotel: komfortabelt hotell på Årdalstangen ved fjorden med restaurant, pub og konferansefasilitetar.
- Klingenberg Fjord Residence: Moderne fjordnære leilegheiter med panoramautsikt over Sognefjorden.
- Sitla Hotel: budsjettvennleg alternativ i Øvre Årdal
- Vetti Gard: historisk fjellgard i Utladalen, open om sommaren, for dei som ønskjer nærleik til natur og stillheit.
Har de eigen restaurant?
Ja, Strondi Restaurant serverer middag kvar dag. Me har også pub med mat og alle rettigheitar. Samt uteservering i sommarsesongen.
Kva opningstider har restauranten?
Opningstidene varierer etter sesong. Dei blir oppdaterte jamleg på nettsida og på Facebook-sida vår.
Kan eg ta med hund?
Ja, enkelte rom på Klingenberg Hotel og Sitla Hotel er hundevennlege. Gje beskjed ved bestilling. (250kr ekstra)
Har de parkering og lademoglegheiter?
Ja, gratis parkering ved hotellet. Det finst også elbillading rett ved Klingenberg Hotel.
Kva aktivitetar og opplevingar tilbyr de?
Gjestar kan utforske fjellturar i Årdal, Utladalen og Jotunheimen, båtturar på fjorden, sykkelturar, sykling, parkleiker, shuffleboard, musikkarrangement, quizkveldar og lokale matopplevingar.
Tilbyr de pakkar eller opphald med middag og aktivitetar?
Ja, me har fleire sesongpakkar – til dømes “Vandretur”, og “Gourmetopphald”.
Kan eg bestille pakkar direkte på nett?
Ja, pakkar og overnatting kan reserverast online. Sjekk ut "Kampanjer".
Kva tid er innsjekk og utsjekk?
Innsjekking mellom kl. 15.00 og 22.30
Utsjekking mellom kl. 06.30 og 12.00
Har de konferanse- eller møtelokale?
Ja, Klingenberg Hotel har møte- og konferanserom med teknisk utstyr og servering etter avtale.
Kva er sesongen for Vetti Gard?
Vetti Gard er vanlegvis open frå ca. juni til midten av september. Dato vert annonsert
Korleis kjem eg meg til Årdal?
Du kan køyre via E16 frå Lærdal/Fodnes, Tindevegen eller Tyin, eller ta buss til Årdalstangen. Nærmaste flyplass er Sogndal Lufthavn
Har de gåvekort?
Ja, me sel gåvekort som kan brukast på overnatting, mat og utvalde opplevingar.
Kan eg avbestille bestillinga mi?
Ja, avbestillingsreglar kjem fram i ordrebekreftinga. Dei varierer noko mellom hotell og pakkar.
Kva språk snakkar de?
Me snakkar norsk og engelsk, og tek gjerne imot internasjonale gjester.
Er Klingenberg Resort open heile året?
Klingenberg Hotel, Klingenberg Fjord Residence og Sitla Hotel er opne heile året. Vetti Gard er sesongbasert.
Kor finn eg meir informasjon?
Du finn oppdaterte tilbod, opningstider og arrangement på klingenbergresort.no og på våre sosiale medium.