Klingenberg Hotel Matta1379 desember 12, 2024
Klingen_hotel_logo_hvit

Klingenberg Hotel i Årdal tilbyr overnatting i sjarmerande omgjevnader ved Sognefjorden. Eit opphald hos oss kan vere så mykje; ein stad å trekke seg tilbake, lade opp og hente nye krefter. Det kan vere ein stad å jobbe, ein stad for samver eller eit godt utgangspunkt for ein tur til Vettisfossen eller andre turar i Årdalsfjella eller Jotunheimen.

Hotellet ligg heilt nede ved fjorden på Årdalstangen, med utsikt mot Sognefjorden og kort veg til både fjellturar, aktivitetar og nasjonale turistvegar. Her finn du restaurantar, barområde, hage ved sjøen og ei roleg atmosfære midt mellom fjord og fjell.

Om hotellet:

Klingenberg Hotel tilbyr eit variert utval rom – frå enkeltrom til familierom – tilpassa både individuelle reisande, par og familiar.

Fleire rom har utsikt mot fjorden, og nokre har badekar. Hotellet har også eit HC-tilpassa rom og utvalde hundevennlege rom.

Frukost er inkludert i opphaldet, og du har tilgang til fasilitetar som badstove, treningsrom, elbillading og gratis parkering

Hotellet har rom både i hovudbygget ved fjorden og i vårt nye bygg på andre sida av gata.

I nybygget finn du seks moderne dobbeltrom med fjordutsikt og heis, eit godt alternativ for deg som ønskjer ekstra komfort eller enkel tilgang til rommet.

Mat & drikke: 

I restauranten står lokale råvarer og sesongbaserte smakar i fokus. Kjøkkenet tek utgangspunkt i det beste regionen har å by på – frå fjell og fjord – og skapar moderne rettar med røter i tradisjon.

Etter ein dag ute kan du nyte ein god middag, slappe av i puben eller finne roa i hagen med utsikt mot fjorden.

Våre romfasiliteter
  • Utsikt mot gate eller fjord
  • Vannkoker
  • Hårføner
  • Toalettartikler
  • Bad med dusj eller badekar
  • Skrivebord og flatskjerm TV
  • Kjøleskap
  • Hundevennlege rom i hovudbygget

Våre rom

Våre pakketilbud

Frå 1.995,- pr. pers.
Opplev eit høsteventyr i Årdal

I Årdal har du fjella for deg sjølv, med vakre fotturar rett utanfor døra til hotellet.

Overnatting 2 netter i twin rom, inkludert frokost. Niste og drikke til turen, samt valfri 2-retter frå vår meny turdagen. 

Frå kr 1.345,- pr. pers.
Gourmetopphald på Klingenberg

Nyt ein smakfull 3-retters middag stille og tilbakelent frå kvardagens plikter etterfulgt av ei god natts søvn.

Overnatting ei natt, 3-rettars middag og frukost.

Frå kr 1.995,- pr. pers.
Romantic Getaway ved fjorden

Ta ein pause frå kvardagen og nyt eit døgn berre for dykk to.

Overnatting ei natt i dobbeltrom, inkl.  frukost.
Ei overrasking på rommet, valfri 3-rettars middag, tilgang til sauna og sein utsjekk.

konferanse_600x600
Grupper og bedrifter
Kurs & konferanse

Kurs, samlingar, møte eller sosiale samlingar for deg og di verksemd eller din organisasjon

matmeny_600x600
Se vår mat- og drikkemeny
Mat & drikke

Mat laga frå botnen og laget med dei beste tilgjengelege lokale råvarer i sesong

hotelrom_600x600
Se våre siste kampanjer
Våre pakketilbud

Til hver sesong så tilbyr vi gode pakketilbud med overnatting og fantastiske opplevelser

Klingenberg Hotel

Ofte stilte spørsmål

Klingenberg Resort er ei samling overnattingsstader og opplevingar ved Sognefjorden i Årdal. Her finn du Klingenberg Hotel, Klingenberg Fjord Residence, Sitla Hotel og Vetti Gard Turiststasjon, samt restaurantar og pubar med lokal mat og drikke.

Resorten ligg i Årdal, innerst i Sognefjorden, omgitt av fjell og fjord. Det er kort veg til Utladalen og Jotunheimen nasjonalpark.

  • Klingenberg Hotel: komfortabelt hotell på Årdalstangen ved fjorden med restaurant, pub og konferansefasilitetar.
  • Sitla Hotel: budsjettvennleg alternativ i Øvre Årdal
  • Vetti Gard: historisk fjellgard i Utladalen, open om sommaren, for dei som ønskjer nærleik til natur og stillheit.

Ja, Strondi Restaurant serverer middag kvar dag. Me har også pub med mat og alle rettigheitar. Samt uteservering i sommarsesongen.

Opningstidene varierer etter sesong. Dei blir oppdaterte jamleg på nettsida og på Facebook-sida vår.

Ja, enkelte rom på Klingenberg Hotel og Sitla Hotel er hundevennlege. Gje beskjed ved bestilling. (250kr ekstra)

Ja, gratis parkering ved hotellet. Det finst også elbillading rett ved Klingenberg Hotel.

Gjestar kan utforske fjellturar i Årdal, Utladalen og Jotunheimen, båtturar på fjorden, sykkelturar, sykling, parkleiker, shuffleboard, musikkarrangement, quizkveldar og lokale matopplevingar.

Ja, me har fleire sesongpakkar – til dømes “Vandretur”, og “Gourmetopphald”.

Ja, pakkar og overnatting kan reserverast online. Sjekk ut "Kampanjer". 

Innsjekking mellom kl. 15.00 og 22.30
Utsjekking mellom kl. 06.30 og 12.00

Ja, Klingenberg Hotel har møte- og konferanserom med teknisk utstyr og servering etter avtale.

Vetti Gard er vanlegvis open frå ca. juni til midten av september. Dato vert annonsert

Du kan køyre via E16 frå Lærdal/Fodnes, Tindevegen eller Tyin, eller ta buss til Årdalstangen. Nærmaste flyplass er Sogndal Lufthavn

Ja, me sel gåvekort som kan brukast på overnatting, mat og utvalde opplevingar.

Ja, avbestillingsreglar kjem fram i ordrebekreftinga. Dei varierer noko mellom hotell og pakkar.

Me snakkar norsk og engelsk, og tek gjerne imot internasjonale gjester.

Klingenberg Hotel, Klingenberg Fjord Residence og Sitla Hotel er opne heile året. Vetti Gard er sesongbasert.

Du finn oppdaterte tilbod, opningstider og arrangement på klingenbergresort.no og på våre sosiale medium.

0/5 0 tilbakemeldinger
Scroll to Top