Vår historie Matta1379 juni 22, 2026

Vår historie

Klingenberg har vore ein del av reiselivet i Årdal heilt sidan 1861. Med plassering ved Sognefjorden og inngangen til Jotunheimen vart staden tidleg eit naturleg stopp for reisande, tindebestigarar og eventyrarar på veg mellom fjord og høgfjell.

Det første Klingenberg vart etablert som transportstasjon i 1861 av Jens Prestegard Klingenberg, kjend som «Store-Jens». Her fekk reisande hjelp med båttransport, guiding, overnatting og organisering av turar vidare inn i fjellheimen. Same året vart namnet «Jotunheimen» teke i bruk for første gong.

Interessa for området vaks raskt utover 1800-talet. Allereie i 1818 hadde presten Ulrik Fredrik Bøyesen besøkt Vetti og Utladalen og skrive om det dramatiske Vettisgjelet. Skildringane hans vart kjende langt utanfor Noreg og bidrog til at fleire oppdaga naturen rundt Årdal.

Då Den Norske Turistforening vart stifta i 1868, auka turisttrafikken ytterlegare. Klingenberg vart ein naturleg møteplass for fjellfolk, oppdagarar og reisande frå heile Europa på veg mot toppane i Jotunheimen.

Gjestebøker og historiske dokument viser at fleire kjende namn besøkte Klingenberg gjennom åra, mellom anna William Cecil Slingsby, Fridtjof Nansen og Edvard Grieg.

I 1900 opna eit nytt hotell i sveitserstil ved fjorden. På denne tida var mykje av trafikken knytt til fjellvandrarar, tindebestigarar og sportsfiskarar som kom til Årdal for naturen, stillheita og dei store opplevingane. Hæreidselvi vart kjend som ei av dei beste elvene for aurefiske, og fleire engelske overklassegjester besøkte hotellet år etter år. Enkelte kom til og med med eigen yacht inn Sognefjorden før dei sjekka inn på hotellet.

Gjennom 1900-talet utvikla hotellet seg vidare i takt med Årdal og industrisamfunnet rundt. Etter andre verdskrigen voks trafikken knytt til industriutbygginga i regionen, og dagens hotellbygg stod ferdig i 1960 på same plass som hotellet ligg i dag.

Sidan den gong har hotellet gradvis blitt utvida og modernisert. Nye rom, restaurantar, pub, loungeområde og hage ved fjorden har kome til, samtidig som Klingenberg har utvikla seg vidare til dagens Klingenberg Resort med fleire ulike overnattingsstader og opplevingar i regionen.

Sjølv om mykje har endra seg sidan dei første reisande kom hit med båt inn fjorden, er mykje av det som gjorde området spesielt framleis det same: kontrasten mellom fjord og høgfjell, den dramatiske naturen og kjensla av å vere litt utanfor dei mest travle turistløypene.

I dag ønskjer Klingenberg Resort å vere eit roleg og autentisk alternativ for moderne reisande som vil oppleve Vestlandet i sitt eige tempo – med fjord, fjell og opplevingar rett utanfor døra.

Gjennom generasjonar har Årdal vore rekna som inngangen til Jotunheimen frå vest. Før vegar og moderne transport kom på plass, reiste folk sjøvegen inn Sognefjorden før turen gjekk vidare mot Utladalen, Vetti og fjellområda som seinare fekk namnet Jotunheimen.

Våre rom

Scroll to Top