Der Sognefjorden møter Jotunheimen
Opplev fjord og fjell utan bil
med Fjord og Fjellruta
Fjord og Fjellruta er ei ny sommarrute med buss som gjer det enklare å oppleve fjord, fjell, bygder og naturopplevingar mellom Vang, Årdal, Lærdal og Aurland – utan å vere avhengig av eigen bil.
For gjester hos Klingenberg Resort gir ruta enkel tilgang til noko av det mest spektakulære Vestlandet har å by på. Bussen stoppar rett utanfor Klingenberg Hotel på Årdalstangen, og knyter saman opplevingar mellom Jotunheimen og Sognefjorden.





Ruta er spesielt tilpassa tilreisande gjester som ønskjer å komme seg ut på opplevingar etter frukost og tilbake igjen på ettermiddagen. Dette gjer den perfekt for dagsturar, vandring, sykling og rundreiser i regionen.
Frå Øvre Årdal Skysstasjon korresponderer ruta også vidare med Tindevegsbussen mot Hjelle og Turtagrø:
• Korrespondanse Hjelle: 08:40
• Korrespondanse Turtagrø: 09:20
Vy si bussrute kan kombinerast med vidare samband frå mellom anna Oslo, Bergen og Sogndal, og gjer det enklare å planleggje ei heil reise gjennom fjord- og fjellandskapet med kollektivtransport.
På bussen er det mogleg å ta med både sykkel, hund og bagasje, avhengig av kapasitet. Billettar bør bestillast på førehand via Vy.
Sesong 2026: 1. juli – 31. august
Busrute: VY 820
Billettar: Vy Buss
Meir informasjon: Fjord og Fjellruta
Tindevegsbussen: Tindevegsbussen — Visit Årdal | Porten til Jotunheimen
- Utladalen og Vettisfossen
- Turtagrø og Sognefjellet
- Kongevegen over Filefjell
- Aurlandsfjellet og Stegastein
- Flåm og Flåmsbana
- Gudvangen og Nærøyfjorden
Våre rom