Bluesaften Matta1379 desember 13, 2024
Velkomen til Bluesaften på Klingenberg Hotel

Årdal Blueslag & Crowd og
Italiensk gourmetbuffet

Bli med og gjenskap fjorårets suksess; gourmetbuffet og bluesaften i Store Jens Restaurant med Årdal Blueslag og Crowd. To lokale band med mange tidlegare sceneopptredener både på Klingenberg hotel og heilt vestpå til byen blant dei sju fjell, Bergen

Gourmetbuffet anført av kjøkkensjef Erling Theodorsen som sjølv har hospitert på nokre av dei beste restaurantane i Nord-Italia byr blant anna på Pecorino, Mozarella, Bruschetta, Lasagne, Foccacia, Pasta Carbonara, Bolognese, Ravioli, Ossobuco, Saltimboca og Minstronesuppe. Når det kjem til dessert er den italienske kreativiteten ubegrensa, men me kjem ikkje utanom den verdskjende Tiramisu og Panna Cotta. Kva andre søtsaker som dukker opp gjenstår å sjå..

Før buffeten opnar vil kjøkkensjefen presentere heile innhaldet og vår restaurantsjef fortelje litt om anbefalt drikke til.

Crowd starta i 1985, i utgangspunktet for å delta på solidaritetsakonsertane «Årdal for Afrika». På reportoaret stod ein blanding av rock og blues, med coverlåtar frå Lynyrd Skynyrd, Stevie Ray Vaughn, Rolling Stones og Manfred Mann. I starten var Torolf Høyvik med på gitar og vokal, men da han reiste fra bygda vart Steinar Fodnes henta inn som erstattar på vokal og var mellom anna oppvarmingsband for Jan Teigen på Klingenberg Hotel i 1986.

Bandet har eigentleg aldri vore oppløyst og har spelt lokalt ved fleire høve både i Årdal og Høyanger. Under påskerocken i 1999 kom Torleif Sand med på munnspel og har sidan då vore eit fullverdig medlem. Reportoaret har endra seg noko gjennom åra, og i dag er dei kanskje mest kjende for å spela coverlåtar med fleirstemte harmoniarmed utgangspukt i band som t.d. The Eagles, Bad Company, The Band og Lynyrd Skynyrd.

Besetning: Steinar Fodnes – vokal, Bent Vadset – gitar/vokal, Gunnstein Røneid – bass/vokal, Knut Bordal keys/vokal, Gaute Johnsgaard – gitar, Torleif Sand – munnspel, Brutus – trommer.

Årdal Blueslag starta i 1979, og berre avbroten av ein kort pause i 1982 har gruppa halde det gåande heilt fram til i dag. Stilen har variert frå rein blues til ein fusjon mellom jazz, rock og blues, men bluesen har heile vegen vore trygt forankra i gruppa.

Blueslaget har turnert ein god del, både til vanlege spelejobbar og festivalar, og har mellom anna spelt i fjøsen på Avdal Gard, Fjøsblues kvart år sidan 1998. Blueslaget har også laga ein del eigne låtar, men spelar i dag stort sett coverlåtar av kjende artistar, i genselandet mellom blues og rock. 

Besetning: Odd Sigmund Høl – gitar/vokal, Ole Magnar Nundal – gitar/vokal, Arnt Kjetil Ellingsen – keys, Frank Runar Øren – trommer.

Pris inkl. italiensk gourmetbuffet til 795,-
Informasjon
  • Laurdag 1. mars
  • Arrangementstart: 20.00 (kr 795,-)
  • Kun musikk: frå 22.00 (350,-)
  • Arrangementslutt: 02.00
  • Aldersgrense: 18 år
  • Pris inkludert buffet: kr 795,-
Scroll to Top