Botnanosi sør
Previous
Next
Turbeskriving
Fylgj vegen opp Mjøbakken (bak Samhold) til du kjem til eit skilt merka Ramneberg ca 20 meter etter bilvegbommen. Stien er godt merkt og tek deg gjennom skogen og oppover fjellsida til Ramneberg. Her får ein flott utsikt over Øvre Årdal og ein ypparleg pausestopp. Vidare fylgjer du på merka sti i tidvis bratt terreng opp til varden som har fått kallenavnet «Sprekisnosi». På 997 moh.
Sjølve Botnanosi ligg på 1387 moh litt lengre inn på fjellet i retning nord.
For utfyllande turomtale sjekk ut boka «På tur i Årdal» av Johnny Asperheim
Om turen
- Start: Sentrum Øvre Årdal
- Km t/r: 7,2 km
- Sesong: Juni – September/Oktober
- Høgdeskilnad: 16 – 997 moh
- Gangtid t/r: 4 – 5 timar
- Vansklighetsgrad: Krevjande
Høydepunkter i Vettisriket
Norrøna på turbesøk på Vetti Gard
I samanheng med Norrønas 90-års jubileum hadde me gleda av å ynskje teamet deira og 8 lojalitetsmedlemar velkomen på Vetti Gard.
Dramatisk natur på nært hald
Ein tur inn Utladalen, med utgangspunkt i Hjelle, gjev deg noko av det mest dramatiske norsk natur har å by på i løpet av kort tid.
4 opplevingar som er verdt ein omveg
Vettisriket gir deg fire opplevingar i Indre Sogn som verkeleg er verdt ein omveg. Desse opplevingane byr på større X-faktor.
Previous
Next