Dramatisk natur på nært hald
Ein tur inn Utladalen, med utgangspunkt i Hjelle, gjev deg noko av det mest dramatiske norsk natur har å by på i løpet av kort tid.
Alt ved inngangen til dette noregs djupaste dalføre, varslar den majestetiske Hjellefossen litt av det som skal møta den vandrande på folkevegen inn til Vetti og Vettisfossen.
Turen inn til Vetti gard er ein halvannan times tur som dei fleste kan gjennomføra. På vegen passerer dei Avdalsfossen med eit fall på 175 meter og vakre Høljafossen. Den ser ikkje så høg ut, men det er eigentleg eit optisk bedrag på grunn av den storfelte naturen rundt.
På vegen er det også ein avstikkar til fjellgarden Avdalen, husmannsplassane Hagaberg og Kvile, og DNT-hytte i Gravdalen. Dette er turar som tek ein time og 2,5 timar frå utgangspunktet på Hjelle.
Vel framme ved Vetti, er det to alternativ. Det eine er ein halvtimes tur inn til foten av Vettisfossen. Etter 20 minuttar kan du då ta av til Stølsmaradalen.
Den andre stien tek deg til toppen, ei litt meir krevjande reise men fullt akseptabel for vande fjellfolk. Begge desse gjev deg godt utsyn til det høgaste frie fossefallet i Nord-Europa.
Tidleg på turen kjem du til Utladalen Naturhus, med kafeteria og utstillingar.
Høydepunkter i Vettisriket
I samanheng med Norrønas 90-års jubileum hadde me gleda av å ynskje teamet deira og 8 lojalitetsmedlemar velkomen på Vetti Gard.
Ein tur inn Utladalen, med utgangspunkt i Hjelle, gjev deg noko av det mest dramatiske norsk natur har å by på i løpet av kort tid.
Vettisriket gir deg fire opplevingar i Indre Sogn som verkeleg er verdt ein omveg. Desse opplevingane byr på større X-faktor.