Gjerdenosi Matta1379 juni 1, 2022
Gjerdenosi
Turbeskriving

Gjerdenosi er ein tøff tur, men du trenger ikkje gå meir enn 350 høgdemeter før skogen opnar opp og gir fritt utsyn utover fjorden mot Naddvik og Kolnosi.

Frå hotellet set du kursen mot Saltviki og fylgjer på godt merkt sti opp mot Hesthagen. Herfra går ruta vidare gjennom ei ur over eit noko luftig og  utsett parti før du kjem til Nedre-Dokki på 350moh. Deretter går du vidare i nokså bratt terreng mot toppen av fjellryggen. Sjølve Gjerdenosi med sine 1252 moh finner du litt nordover frå utsiktspunktet.  

Turen kan kombinerast med ein rundtur via Lindvikdalen og ned Lindviki eller Bøttejuv og ned igjen i Seimsdalen.

For utfyllande turomtale sjekk ut boka «På tur i Årdal» av Johnny Asperheim

Om turen
  • Start: Saltviki, Årdalstangen
  • Km t/r: 10,2 km
  • Sesong: Mai/Juni - Sept./Okt.
  • Høgdeskilnad: 11 - 1252 moh
  • Gangtid t/r: 5t
  • Vansklighetsgrad: Ekstra krevjande

Høydepunkter i Vettisriket

Norrøna på turbesøk på Vetti Gard

I samanheng med Norrønas 90-års jubileum hadde me gleda av å ynskje teamet deira og 8 lojalitetsmedlemar velkomen på Vetti Gard.

Dramatisk natur på nært hald

Ein tur inn Utladalen, med utgangspunkt i Hjelle, gjev deg noko av det mest dramatiske norsk natur har å by på i løpet av kort tid.

4 opplevingar som er verdt ein omveg

Vettisriket gir deg fire opplevingar i Indre Sogn som verkeleg er verdt ein omveg. Desse opplevingane byr på større X-faktor.