Middagshaugen Matta1379 juni 1, 2022
Middagshaugen
Turbeskriving

Følg FV 53 til Årdalstangen, og ta deg øvst opp i byggefeltet kalla “Tippen” på Årdalstangen. Eit godt tips er å parkera bilen i sentrum av Årdalstangen ved Rema 1000, og gå denne strekninga til fots ettersom det er avgrensa med parkering der stien startar.

Stien tek deg gjennom skogen og etter knappe 10 minuttar i lett terreng kryssar du bekken Geisdøla. Kort tid etter går det bratt oppover bakkane mot nordveggen av Finnsåsen, der stien bøygar av mot venstre i noko flatare terreng, før stigninga igjen aukar på. Slik held det fram vidare oppover med bratt stigning avbroten av enkelte kvileparti før du når Finnsåsen på 501 moh.

Herfra går turen vidare sørover på god sti langs fjellryggen mot Kjerringskaret på ca 870 moh. Etter å ha passert skaret fylgjer ein lengre innpå fjellet og vekk frå stupet, der det etterkvart flatar det noko ut. Frå varden på middagshaugen 1122 moh får du ei fantastisk utsikt langt utover Sognefjorden og innover fjellheimen i Jotunheimen.

Denne turen kan kombinerast med ein tur over Årdalsnosi (1092moh) og ned til Nosabøen ved Kolnostunnelen, evt til Kamben og ned Reidarbakken i Naddvik.

Meir informasjon finner du på www.visitardal.no

Om turen
  • Start: Haugane, Årdalstangen
  • Km t/r: 10,4 km
  • Sesong: Mai – September
  • Høgdeskilnad: 123 – 1122 moh
  • Gangtid t/r: 5t
  • Vansklighetsgrad: Ekstra krevjande

Høydepunkter i Vettisriket

Norrøna på turbesøk på Vetti Gard

I samanheng med Norrønas 90-års jubileum hadde me gleda av å ynskje teamet deira og 8 lojalitetsmedlemar velkomen på Vetti Gard.

Dramatisk natur på nært hald

Ein tur inn Utladalen, med utgangspunkt i Hjelle, gjev deg noko av det mest dramatiske norsk natur har å by på i løpet av kort tid.

4 opplevingar som er verdt ein omveg

Vettisriket gir deg fire opplevingar i Indre Sogn som verkeleg er verdt ein omveg. Desse opplevingane byr på større X-faktor.