Selskap/arrangement Matta1379 april 26, 2022
Bestill ditt selskap eller arrangement i tide

Er det noko me likar her på Klingenberg Hotel, så er det å hjelpa gjestene våre med å markera spesielle dagar i livet på høveleg vis.

I periodar opplever me stor pågang når det gjeld selskap, lukka lag og andre samankomstar – så difor vil me oppfordra alle som går med planar om ei større feiring om å vera ute i god tid med bestillinga. Ta gjerne kontakt alt no, slik at me kan reservera dato, lokale og personale. Me legg oss i selen for det meste – frå bryllaup, festmiddagar, runde dagar og jubileum til alt i mellom. Me skreddarsyr menyar, organiserer gjerne aktivitetar og kan til dømes inkludera Eldhuset i eit program her på huset. I tillegg tek me godt vare på gjester som treng overnatting. 

Velkomen til feiring ved Klingenberg Hotel!

 

Våre fasilitetar:
  • 49 rom (95 sengeplasser)
  • 3 konferansesaler; totalt 100 pers.
  • Grupperom i tilknyting til hotellet
  • Restaurant og bar for 60 + 40 pers.
  • Salong med plass til 40 personer
Aktuelt frå Klingenberg Hotel
Ekstrahjelp bar

Me treng fleire på laget og ser etter deg som er fylt 20 år og ynskjer å jobbe enkelte helger og kveldar framover.

Er du vår nye kokk?

Til stillinga som kokk søkjer me deg som er fagleg dyktig, fleksibel, målbevisst, lærevillig og effektiv.

Leie lokale?

Er det noko me likar så er det å hjelpa gjestene våre med å markera spesielle dagar i livet på høveleg vis.

Høydepunkter i Vettisriket

Norrøna på turbesøk på Vetti Gard

I samanheng med Norrønas 90-års jubileum hadde me gleda av å ynskje teamet deira og 8 lojalitetsmedlemar velkomen på Vetti Gard.

Dramatisk natur på nært hald

Ein tur inn Utladalen, med utgangspunkt i Hjelle, gjev deg noko av det mest dramatiske norsk natur har å by på i løpet av kort tid.

4 opplevingar som er verdt ein omveg

Vettisriket gir deg fire opplevingar i Indre Sogn som verkeleg er verdt ein omveg. Desse opplevingane byr på større X-faktor.