Slingsbydagane Matta1379 april 14, 2025

Slingsbydagane

I Årdal 18. – 19. juli 2025

Arrangørar: Slingsbystiftinga og Vettisriket

Me inviterar til å vera med i «fotefara til dei gamle fjellfolka» gjennom forteljingar og turar langs gamle ferdselsvegar i Vest-Jotunheimen.

Bli med og marker at tindesportens far i Noreg, eventyrar og fjellklatrar engelskmannen William Cecil Slingsby, for over 150 år sidan tok sin første fjelltur i Noreg. Etter å ha fått ein smakebit av Årdal og Vest-Jotunheimen i 1872, kom han attende til Klingenberg Hotel i 1874 og gjekk så til Ringsdalen, via Ringsskard.

FREDAG 18. JULI
Kåseri ved Erik Solheim og Rigmor Solem
Solheim_Klingeberghotel_slingsby

Erik Solheim:
«Vandring i eldre tider og no»

Erik Solheim er forfattar og tidlegare leiar av Noregs Naturvernforbund. Han er frå Førde der han bur på ein gamal gard.

Rigmor_Klingeberghotel_slingsby

Rigmor Solem:
«Budeiene, fjellfolka som levde i fjellet heile sommaren»

Rigmor Solem har vore naturoppsyn i Jotunheimen i mange tiår, fram til ho pensjonerte seg i fjor. Ho bur på ein høgdegard i Framfjorden.

Erling_Klingenberghotel_slingsby

18.00: Fjellmatbuffet

Kjøkkensjef Erling Theodorsen
2 gonger Norgesmeistar som viltkokk

Pris kr. 495,-

Helga_Klingenberghotel_slingsby

19.30: Kåseri & Sang

Kåseri ved Erik Solheim og Rigmor Solem
Sang ved Helga Farestveit

Pris kr. 300,-

LAURDAG 19. JULI

Fjellturar i Utladalen

Gravdalen_slingsby

Tur 1: Gravdalen via Åsete

Hjelle (Oppmøte på Hjelle kl. 08.30/bussavgang kl. 08.55) – Fardalen – Åsete – Gravdalen – Gravdalsstølen (lunch m/graut) – Avdalen Gard – Husmannsplassen Hagaberg (historiefortelling) – Utladalen Nasjonalparksenter – Hjelle (om lag kl. 17.00)

Rigmor_Klingeberghotel_slingsby

Turleiar Rigmor Solem
Turpris kr. 550,-

Skari_slingsby

Tur 2: Avdalen via Avdalsskåri

Hjelle (oppmøte kl. 11.00) – gamle ferdselsvegen opp den luftige Avdalsskåri til Avdalen Gard (lunch m/graut) – «natur og kultursti» fram til Furuhaugen (utsiktspunkt) – husmannsplassen Hagaberg (historifortelling) – Utladalen Nasjonalparksenter – Hjelle (om lag kl. 17.00)

Petter_Klingeberghotel_slingsby

Turleiar: Petter Løvdahl
Turpris kr. 300,-

Hagen_Klingeberghotel_slingsby

17:00 Grilling i Hamnehagen

Grillbuffet

Par_Klingeberghotel_slingsby

20:00 We Met In June

Musikk ved paret Gjest og Sara, som utgjer duoen
We Met In June

Gratis inngang

Pakkepris for opphald
fredag 18. til laurdag 19. juli

Inkl. fjellmatbuffet, kåseri og frukost

Kr. 1.495,- pr person i twin
Kr. 1.965,- for enkeltrom

Tilvalg twin: Rom med fjordutsikt i nytt bygg (kr 200,- pr pers)
Tilvalg: Tur nr 1 (kr 550,-) eller tur nr 2 (kr 300,-)

Pris for ekstra natt inkl. frukost (torsdag eller laurdag)
kr. 815,- pr person i twin / kr. 1295,- for enkeltrom

 

OBS: Begrensa antall rom tilgjengeleg!

Kart over fotefara får du heile sommaren på Vetti Gard Turiststasjon, Avdal Gard, Sitla Hotel & Apartments og Klingenberg Hotel.

Øvrige viktige attraksjons- og aktivitetsleverandørar i Årdal

BULDER OG BRAK
Fjellguiding, kajakkinstruksjon og – utleige.
Kontaktperson Torunn Laberg, tlf. 975 22 139

TRADISJONSBÅTAR OG EL. SYKLAR
Klingenberg Hotel, tlf. 57 66 58 00

VETERANBÅTEN M/B TYA
Båtutflukt med m/b Tya.
Kontaktperson Anne K. L. Hæreid, tlf. 952 47 424

INDRE OFREDAL NE FØ’ SJØEN
Flott restaurerte bygningar, som vassdreve mølle og sagbruk m.m. Tilgjengeleg med personbil eller båt.
Kontaktperson Harald Thune, tlf. 970 64 047

ÅRDAL JAKT- OG FISKEFORENING
Sal av fiskekort og utleige av jakt- og fiskebuer i fjellet.
Kontaktperson Vidar Moen, tlf. 913 88 642

Andre arrangement i Årdal i sommar

MÅLROCK
6.-7. juni, Årdalstangen

FJØSBLUES
21. juni, Avdalen Gard

TROPICAL TUESDAYS
Tysdager 15., 22 og 29. juli i Hamnehagen / Strondi på Klingenberg Hotel

Sjå også Visitardal.no for meir info.

Ta kontakt ved spørsmål eller booking



    Scroll to Top