Verdt en omveg Matta1379 april 26, 2022
4 opplevingar som er verdt ein omveg

Vettisriket gir deg fire opplevingar i Indre Sogn som verkeleg er verdt ein omveg. Desse opplevingane ligg ikkje langs hovudvegen, men byr på desto større wow-faktor. Tek du sjansen på å ta av? Årdal finn du ved å anten følgja RV 53, ved å ta av mot Årdal frå Turtagrø eller ved å følgja vegen heilt inn Sognefjorden i staden for å køyra rett forbi.

Skogadalsbøen

14 km frå næraste bilveg ligg Jotunheimen sin juvel, Skogadalsbøen. På Bøen er det nett som om tida står stille og det er lett å senke skuldrane, sleppe taket på jaget og finne glede i den vakre naturen sin rolege sus. Ta ein dag mellom bakkar og berg med yoga, toppturar, buldring eller under eit teppe framfor peisen.

Skogadalsbøen har eit ungt vertskap som tek i mot deg med varme og humør. Tør du gå glipp av dette?

Tya Bakeri | Kafè

Tya Bakeri er eit relativt nystarta handverksbakeri som ligg i sentrum av Øvre Årdal. Bakeriet i Lom var ein klar inspirator for prosjektet då det starta i 2015, og Tya Bakeri har blitt eit populært innslag i lokalsamfunnet. Tya Bakeri tilbyr kundane sine gode, lokalproduserte bakevarer utan kunstig tilsetjing og med bruk av lite gjær.

Lang hevetid og bruk av eigen surdeig gir betre smak og god haldbarheit. Varene sel dei i eige utsal i sentrum av Øvre Årdal. I utsalet finn du eit godt utval av kaker og bakst som er utvikla av Tya sin konditor og bakar. Tya Bar serverer lokalt øl frå Tya Bryggeri og andre småskala bryggeri.

Indre Ofredalen «Ne`fø sjøen»

Køyrer du gjennom tunnelen frå Seimsdalen til Ofredalen og følgjer vegen heilt ned til fjorden, så kjem du til eit historisk anlegg. Frå tidleg på 18-hundretalet og fram til siste verdskrigen var dette vesle fjordsamfunnet, Indre Ofredal, ein travel stad basert på vatn som drivkraft til mølla og sagbruket. Skogen i Ofredal hadde, og har, god kvalitet. I Ytre Ofredal fanst det eit steinbrot – og kvit granitt frå dette steinbrotet finn du i dag på Grand Hotel i Oslo. Produkta frå sagbruket i Indre Ofredal vart frakta til Bergen med eigen sognejekt og attende hadde ein med kjøpmannsvarer som vart vidareselde til sogningar som kom i robåt for å handla og mala korn. Den gamle mølla, som er laga i tre, kan du framleis sjå den dag i dag. Open somarkafè og hyggeleg vertskap!

Vetti Gard Turiststasjon

Vetti Gard Turiststasjon ligg i hjarta av Utladalen, som er eit landskapsvernområde du ikkje kan nå med bil. Bilen må du setja fint frå deg på parkeringa ved Hjelle, for så å ta fat på den ca 4,5 km lange «folkevegen» innover dalen. På veg innover dalen kan du nyta dramatiske fossefall og eit usedvanleg frodig landskap. På Vetti Gard Turiststasjon kan du overnatta eller berre besøka somarkafèen.

Frå Vetti Gard er det naturleg å ta seg inn til Vettisfossen – som vart kåra til Noregs vakraste foss for nokre år sidan. Kulturlandskapet rundt Vetti Gard blir halde i hevd ved hjelp av godt skjøtselsarbeid utført av Utladalen Naturhus, og beitedyr. Ta turen inn i Noregs vakraste dalføre du også!

Høydepunkter i Vettisriket

Norrøna på turbesøk på Vetti Gard

I samanheng med Norrønas 90-års jubileum hadde me gleda av å ynskje teamet deira og 8 lojalitetsmedlemar velkomen på Vetti Gard.

Dramatisk natur på nært hald

Ein tur inn Utladalen, med utgangspunkt i Hjelle, gjev deg noko av det mest dramatiske norsk natur har å by på i løpet av kort tid.

4 opplevingar som er verdt ein omveg

Vettisriket gir deg fire opplevingar i Indre Sogn som verkeleg er verdt ein omveg. Desse opplevingane byr på større X-faktor.