Vintertur til Paradis










På toppen ventar ei fantastisk utsikt utover Sognefjorden og ned i dalføret Vikadalen, samt majestetiske Hurrungane i det fjerne. Like ved toppunktet av Brennfjellet er ei hytte open for alle med grill og ved til å fyre, perfekt stad å nyte den medbrakte nista og kaffe om temperaturen ute er av det kjøligaste slaget. Turen egnar seg på turski så vel som truger, og har du med hovudlykt er blåtimen og solnedgangen heilt magisk å oppleve på skyfrie kveldar. Ønsker de guida tur kan me varmt anbefale Bulder & Brak Opplevingar.
Etter turen er de velkomne til å nytte hotellets badstu før eit nydeleg 3-retters måltid basert på lokale og fersk råvarer i sesong ventar dykk i restauranten.
- Start: Seimsåsen Aktivitetssenter
- Km t/r: 10 km
- Sesong: Vinter
- Gangtid t/r: 3-4t
- Vansklighetsgrad: Lett
Høydepunkter i Vettisriket
I samanheng med Norrønas 90-års jubileum hadde me gleda av å ynskje teamet deira og 8 lojalitetsmedlemar velkomen på Vetti Gard.
Ein tur inn Utladalen, med utgangspunkt i Hjelle, gjev deg noko av det mest dramatiske norsk natur har å by på i løpet av kort tid.
Vettisriket gir deg fire opplevingar i Indre Sogn som verkeleg er verdt ein omveg. Desse opplevingane byr på ein mykkje større X-faktor.





