Skreiaften Matta1379 desember 25, 2024
Skreiaften 1. februar 2025

Laurdag 1. februar byr kjøkkensjef Erling Theodorsen på 3-retters meny med sesongens ferske skrei som nylig har vendt tilbake til Norskekysten frå Barentshavet.

Den faste fisken med mange mils svømmetur bak seg serverast på tradisjonelt vis med lever, rogn og kokte poteter. Forretten derimot er ein spennande kombinasjon med med sprøsteikte torsketunger og smaksbomba salsa verde i fin harmoni med potetkrem og syrlig rødkål. Til dessert vender me tilbake til det heilt lokale og serverer ølis laga av Brown Ale produsert i hotellets kjellar Eldhuset, akkompagnert med karamellisert mousse dekka av fløyelsmjuk sjokoladeganche toppa med litt cruchy persillesmular.

Gjennom kvelden vil kjøkkensjefen presentere kvar enkelt rett og fortelje historiene bak komponeringa, kvar råvarene kjem frå, samt kvifor akkurat denne vinen er ein utsøkt kombinasjon til retten du får servert.

Arrangementstart: 19.00 / Slutt: 23.00

Bindande påmelding/bestilling til post@klingenberghotel.no eller tlf. 576 65 800 innan tysdag 28. januar. 

Lokale: Vetle Jens Restaurant (alternativt Store Jens ved mange påmeldingar)

Informasjon
  • Arrangementstart: 19.00
  • Arrangementslutt: 23.00
  • Påmeldingsfrist: 28. januar
  • Lokale: Vetle Jens Restaurant

Høydepunkter i Vettisriket

Norrøna på turbesøk på Vetti Gard

I samanheng med Norrønas 90-års jubileum hadde me gleda av å ynskje teamet deira og 8 lojalitetsmedlemar velkomen på Vetti Gard.

Dramatisk natur på nært hald

Ein tur inn Utladalen, med utgangspunkt i Hjelle, gjev deg noko av det mest dramatiske norsk natur har å by på i løpet av kort tid.

4 opplevingar som er verdt ein omveg

Vettisriket gir deg fire opplevingar i Indre Sogn som verkeleg er verdt ein omveg. Desse opplevingane byr på ein mykkje større X-faktor.

Scroll to Top